Bergsetnakken

Topptur på Bergsetnakken

På jakt etter nokre enkle toppturar? Der er ikkje alltid lett å vite kvar du skal starte i mylderet av flotte fjelltoppar.

Her får du eit godt tips på ein topptur som er gir mykje for innsatsen.

Bergsetnakken er blitt ein populær tur, fordi den gir mykje skikøyring for innsatsen du legg inn og fjellet har ofte gode snøtilhøve. Turen er tre kilometer lang og gir gode moglegheiter for nydeleg skikøyring i oversiktleg terreng. Med utgongspunkt frå Nordfjord Fritidssenter på Vangen, kan ein nyte heile opp- og nedturen med fjordutsikt. Turen er relativt kort, og ein kjem raskt opp i høgda, om lag 700 høgdemeter
Her får du eit godt tips på ein topptur som er gir mykje for innsatsen.

Bergsetnakken er blitt ein populær tur, fordi den gir mykje skikøyring for innsatsen du legg inn og fjellet har ofte gode snøtilhøve. Turen er tre kilometer lang og gir gode moglegheiter for nydeleg skikøyring i oversiktleg terreng. Med utgongspunkt frå Nordfjord Fritidssenter på Vangen, kan ein nyte heile opp- og nedturen med fjordutsikt. Turen er relativt kort, og ein kjem raskt opp i høgda, om lag 700 høgdemeter stigning opp til det 1133 meter høge fjellet. Terrenget gjer det mogleg for fleire vegval, der ein unngår bratte parti, så dette er klassisk og trygg topptur å anbefale.

Sjekk ver og føre på varsom.no

Info: