CBIS 6271035
CBIS 6271036

Rindehornet

Sjå Nordfjordeid frå ein ny vinkel. Ta deg ein runde på Rindehornet.

Skogsveg og god sti fører deg gjennom skogen frå garden Rindane. Oppe på snaufjellet openberrar det seg meir og meir utsikt mot Eidsbygda, Nordfjorden og Hornindalsvatnet. Dette er turen for deg som ikkje likar å gå ned att same vegen. Det går to stiar til toppen. Ta ein opp, og den andre ned att. Ditt val. Du er fri. Som fuglen.