Oldedalen
©Ruben Soltvedt

Den mest eventyrlege vandredalen i Norge

Oldevatnet robåt

 

Ein djup dal, omringa av trolske fjell

 

I Oldedalen ligg det blågrøne vatnet Oldevatnet etter atter ein bresmelting. I Oldedalen har kvar sesong sin eigen sjarm, men det som står konstant er den rå naturen og dyrelivet ein er så heldig å få oppleve. Om det er sauene som er ute på beita og går, eller fossen som dundrar over av begeistring, eller tåka som legg seg som eit slør over det fargeskiftande vatnet - det er alltid noko nytt å oppleve i den mest eventyrlege vandredalen i Noreg. Det skal godt gjerast å kome seg gjennom han utan å få med seg noko evigvarande inntrykk

 

Oldedalen er ein del av Nordfjord, sør for Olden i Stryn kommune. Dalen er omringa av Jostedalsbreen nasjonalpark. Briksdalsbreen, Melkevollsbreen og Brenndalsbreen kryp ned i dalen, mellom dei høge fjella og dei djupe dalane. Sentralt i dalen finn vi Oldenvatnet og Oldenelva som renn gjennom dalen og ut i Nordfjorden. Her blir òg «Olden mineralvatn» tappa i frå Blåfjells-kjelda. Å køyre gjennom Oldedalen er som eit lite eventyr i seg sjølv.

Youtube video image

.

Briksdalen og Briksdalsbreen

 

Briksdalen og Briksdalsbreen I enden av Oldedalen strekk Briksdalsbreen seg ut frå Jostedalsbreen nasjonalpark og inn i den frodige, tronge Briksdalen. Det er eit mektig syn som trekk til seg gjestar frå heile verda, kvart einaste år. Brearmen stuper 1200 meter rett ned, og det er vanskeleg å ikkje førestille seg omfanget av det auget ikkje ser; resten av breen som høyrer til der høgt oppe. I Briksdalen kan du overnatte i både fjellstover, leilegheiter og hytta. Det er tilrettelagt sti heilt fram til breen, og der kan du oppleve korleis breen har forma det ville dalføret gjennom tusenvis av år.

Briksdalsbreen
Oldedalen Vandring

 

Vandring

 

Oldedalen er Norges mest eventyrlege vandredal, og her finst det turmoglegheiter for alt frå dei kortaste beina til dei lengste og sprekaste.

Hugs fjellvettreglane. Sjølv erfarne fjellfolk har ei sunn respekt for fjellets luner og tar sine forholdsreglar.

Olden Active tilbyr guida vandreturar til dei fleste fjell og setre. Ta kontakt med dei om du vil ha meir kunnskap og ei oppleving utan om det vanlege.

Vandreturar for heile familien 

 

Det er ikkje alle som finn glede i å skulle vandre der «ingen skulle tru at nokon kunne bu». Derimot finst det fleire lettare turstiar i Oldedalen tilpassa familiar og tur-entusiastar utan å måtte tileigne seg altfor mykje ny kunnskap.  

 

Opp på topp! 

 

Om du er trygg i fjell og terreng er det tilrådd å verkeleg å velje seg ut seg ein av dei meir krevjande og fantastiske fjellturane Oldedalen har å by på. Her må du tilpasse turen etter vêr og vind, men gevinsten er stor, og ei oppleving du aldri vil gløyme.

 

Aktivitetar

 

Oldedalen sluttar aldri å gje. Sjølv ikkje til deg som ønskjer å oppleve noko anna meir «enn berre ein fjelltur». Om du er ute etter å gje besøket ditt noko ekstra, som ein kajakktur på Oldevatnet, eller å buldre blant store kjemper eller utøve yoga i historiske omgjevnader – har Oldedalen meir å tilby enn tida strekk til. Her er det berre å velje.

 

Youtube video image

 

 

Overnatting

 

Mellom idylliske fossefall, isbrear og høge fjell kan du som besøkande legge hovudet ned på puta om kvelden og vakne omkransa av det beste naturen har å tilby. I Oldedalen finst det mange ulike overnattingstilbod tilpassa deg og familien din. Forleng opplevinga av opphaldet, og planlegg eventyret med ein av Oldedalen sine mange unike overnattingsstadar.

 

Lokalmat

 

Opplev måltida iblant tradisjonsrike bygningar, med lokale råvarer og i sosiale areal. Er det noko alminneleg med ein vaffel langs Oldevatnet?