Norsk Countrytreff

Norsk Countrytreff

Norsk Countrytreff er det største kulturarrangementet av sitt slag på vestlandet.

Sidan første festivalen i 1995, har Norsk Countrytreff sakte men sikkert vakse seg til å bli eitt av dei største kulturarrangementa i Vestland, og det største arrangementet på vestlandet innan sin sjanger. Frå 2000 besøkande første året, var det i 2023 ny publikumsrekord - med over 21.000 personar innom arrangementa som finn stad i heile Gloppen.

NCT har ikkje som målsetting å bli den største festivalen, men å vere den beste. Kvalitet på alle plan er kjennemerket vårt. Vi prøver kvart år å
Sidan første festivalen i 1995, har Norsk Countrytreff sakte men sikkert vakse seg til å bli eitt av dei største kulturarrangementa i Vestland, og det største arrangementet på vestlandet innan sin sjanger. Frå 2000 besøkande første året, var det i 2023 ny publikumsrekord - med over 21.000 personar innom arrangementa som finn stad i heile Gloppen.

NCT har ikkje som målsetting å bli den største festivalen, men å vere den beste. Kvalitet på alle plan er kjennemerket vårt. Vi prøver kvart år å vidareutvikle organisasjonen både for artistar, publikum og ikkje minst for alle dei 700 funksjonærane som trår til desse dagane. Det har blitt ein tradisjon for glopparar og andre countryinteresserte å sette av denne helga til dugnadsarbeid, sosialt fellesskap og kulturelt påfyll. Det er ein tradisjon vi håpar vil halde fram i mange år.

Festivalen har eigen festivalcamp under arrangementet, og blir arrangert årleg i veke 28. Det er 18-årsgrense på festivalcamp og på eitt av sceneområda, medan hovudscena har eit eige område for under 18.

Info:

Attributes

Sommer