CBIS 6310655

Langrenn | Loen skylift

Frå toppen av Loen Skylift finn du tur- og langrennsløyper.

.Vanlegvis er lengda rundt 8 km, men dette vil variere etter snømengde og verforhold. Etterkvart som ein får bygd opp løypene, vil det etter planen bli ca 10-15 km med preparerte løyper. Utsikta er i verdsklasse, med fjord, fjell og bre i skjønn forening. 

Etter turen er du velkomen til Hoven Restaurant for mat og forfriskningar, før returen til låglandet med Loen Skylift. Hugs eige langrennsutstyr, varme og vind/vanntette klede, lue, hanskar. Kurs/instruktør kan skaffast på førespurnad.