Kjenndalen
Dalen der du finn Kjenndalsbreen
Innst i Lodalen finn ein starten på Kjenndalen og Kjenndalsstova.
Kjenndalsbreen ligg inst i botnen av dalen, 17 km bilveg frå Loen (bomveg). Frå parkeringsplassen tar det 15 min å spasere til Jostedalsbreen sin lågaste brearm. Frå 1980-1997 la breane på seg over 300 meter, men dei siste åra har brearmane vist seg å gå tilbake.
Stien inn til utsiktspunktet før Kjenndalsbreen vart oppgradert i 2010.
I enden av Lovatnet finn du kaféen Kjenndalsstova som har sesong frå mai til september.
Vegen inn til Kjenndalen er vinterstengt.