Innvik Fjordhotell

Innvik Fjordhotell

Hotellet med fjorden i hagen - i hjartet av vakre Vestlands-Norge.

Innvik fjordhotell ligg i Innvik i Stryn kommune, rett ved fjorden. Restauranten ligg på fjordsida med praktfull utsikt, 5 meter frå fjorden. Rett utanfor ligg uteterassen, der du kan nyte ein kopp kaffi eller eit måltid mat. Hotellet legg stor vekt på god, heimelaga tradisjonsmat.

I lavsesongen serverer hotellet a-la-carte, og i hovudsesongen er det middagsbuffet.

Hotellet har eiga badestrand og sandvolleyballbane. Frå hotellet er det korte
avstandar til kjende turistmål som

avstandar til kjende turistmål som Briksdalsbreen, Loen Skylift og Lodalen. Hotellet er eit greit utgangspunkt for rundturar i Nordfjord og området rundt, som tur til Geiranger, Trollstigen, Vestkapp og Sognefjorden. Mange fine turløyper for fotturar i bygda og i fjellet. Innvik ligg midt i alt som kan opplevast på ein god norgesferie.

Hotellet er sertifisert som Miljøfyrtårn. Hotellet er tilpassa rullestolbrukarar og har heis.

Hotellet tilbyr dagskurs, kurs og konferansar med overnatting for inntil 60 personar.
Koldtbordet har mange ulike salatar, varmmat, dessert, kaker og kaffi, og blir også brukt i lokale samanhengar. Ved Innvik fjordhotell kan du bestille mat til bryllaup, konfirmasjonar, fødselsdagar, firmafestar, julebord og ved andre høve. Du kan ha selskap på huset, eller du kan bestille maten heim til deg.

Hotellet har 26 dobbeltrom (10 av dei kan gjerast om til trippelrom), 7 enkeltrom og 1 familierom. Det er TV og trådlaust WIFI på heile hotellet.

Ladepunkt for el-bil.

Innvik fjordhotell ligg 17 km frå Olden og 23 km frå Loen langs RV60. Ekspresssbussen Bergen-Trondheim som korresponderer med Nordfjordekspressen (Stryn-Oslo), stansar ved hotellet.

Vinterstengt frå 15. des. til 1. mars.

Info:

Attributes

Sommer
Handikapvenleg
Restaurant
TV
Dobbeltseng
Sovesofa
Enkeltseng
Havutsikt
Barnevenleg
Parkering for buss
Nærme naturen
Røykfritt
Hårføner
Fotturar
Vannkoker/Kaffimaskin
Balkong/terasse
Allergirom
Vår
Nærme fjellområde
Landleg
Utandørs parkering - Gratis
Ved fjorden
Sprinkelseng tilgjengeleg
Gratis Wi-Fi
Eco-Lighthouse
Høst