Hoddevik Surf House

Surf, overnatt og nyt livet på Hoddevik Surf House i vakre Hoddevik på Stadlandet. Bli med på surfecamp, ta eit surfekurs eller nyt stranda og fjella.

Om produktet

Velkomen til Hoddevik Surf House

Den perfekte staden for surfing, fjellturar, ro og vakre solnedgangar. Hoddevik er ei usedvanleg vakker vik. Her finn du ein langstrakt, kvit sandstrand på over 1 km, smaragdgrønt hav og majestetiske fjell rundt.

Lær å surfe ved å delta på surfecamp, eller book eit drop-in-surfekurs for ei god introduksjon til surfing.

På Hoddevik Surf House tilbyr dei Surfecamp, Play and Stay og Stay Only.

Surfecamp
Surfecamp 3 netter - velg mellom mandag til torsdag, eller torsdag til søndag

Inkluderer:
• 2 surfeleksjonar, kvar på ca. 2 timar
• 3 netter overnatting i surfhuset i Hoddevik
• Tilgang til surfeutstyr under heile opphaldet
• Tilgang til skateboard
• Tilgang til felles kjøkken, bad, sanitærfasilitetar, uteområde og stove

Surfecamp – 6 netter: Faste dagar frå måndag til søndag

Inkluderer:
• 4 surfeleksjonar, kvar på ca. 2 timar
• 6 netter overnatting i surfhuset i Hoddevik
• Tilgang til surfeutstyr under heile opphaldet
• Tilgang til skateboard
• Tilgang til felles kjøkken, bad, sanitærfasilitetar, uteområde og stove

Play and Stay
• 3 netter: Vel mellom måndag til torsdag eller torsdag til søndag.
• 6 netter: Faste dagar frå måndag til søndag.

Inkluderer:
• Overnatting i surfhuset i Hoddevik
• Tilgang til surfeutstyr under heile opphaldet
• Tilgang til skateboard
• Tilgang til felles kjøkken, bad, sanitærfasilitetar, uteområde og stove

Stay Only Pakke
3 netter: Vel mellom måndag til torsdag eller torsdag til søndag.
6 netter: Faste dagar frå måndag til søndag.

Inkluderer:
• Overnatting i surfhuset i Hoddevik
• Tilgang til felles kjøkken, bad, sanitærfasilitetar, uteområde og stove

Drop-in surfekurs

Enten du er gjest hos Hoddevik Surf House eller ikkje, er du velkomen til å booke eit drop-in-surfekurs. Her får du ei trygg og god innføring i surfing.

Hoddevik Surf House tilbyr surfekurs for både nybyrjarar og vidarekomne. Du kan booke privatkurs, gruppekurs eller familiekurs. Velkomen til surfekurs med Hoddevik Surf House!

Ervik Surf Shop

På Stadlandet kan du besøke Ervik Surf Shop. Ervik Surf Shop blei etablert i 2014 og har vore i drift sidan. Her finn du surfebrett, våtdrakter, klede, suvenirar, god kaffi og gode tips til surfing og opplevingar på Stadlandet.

Hos Ervik Surf Shop kan du også leige surfeutstyr, SUP, snorkel og dykkemaske, eller booke ein privat surfetime med ein dyktig og erfaren surfeinstruktør.

Eigenskapar

  • Sommar
  • Vår
  • Mars
  • April
  • Mai
  • Juni
  • Juli
  • August
  • September
  • Oktober
  • November
  • Haust