CBIS 6308097
CBIS 6242040
CBIS 6242041
CBIS 6242042
CBIS 6242043
CBIS 6308095
CBIS 6308096
CBIS 6308098

Grande Camping

Her, midt mellom breen, fjella og vatnet,
vil den som søker fred, ro og enkle forhold finne seg vel tilrette.

Grande Camping ligg plassert ved idylliske Oppstrynsvatnet som er farga blå-grøn av brevatn som fossar frå breane frå dei bratte fjella. Campingplassen ligg heilt nede ved vatnet og har ei lang strandlinje som passar bra for bading, padling eller båtturar. Grande Camping tilbyr campingplassar både for drop-in og faste plassar til bobil, cambingvogn og telt. 

Campingen har vert i drift i 5 generasjonar av familien Erdal Nesje, sidan tidleg i 1960-åra. Då var det kun utleige av plassar, som til no har utvikla seg til moderne sanitærbygg med kjøkken, vaskerom, handikaptoalett og toaletter med dusjar som gjestane kan ta i bruk.

Bygdemølla som frå 1932 til 1962 var i full drift med å produsere mjøl til heile bygda i Oppstryn er no blitt restaurert og i drift som kafé for alle. Her får du enkel matservering og resepsjon for campingen. Mølla har framleis spor etter mjølproduksjonen, då kvernesteinen og tørka er ein del av innredninga, og tilgjengelig for gjestane å kome og sjå korleis det såg ut den gongen med godt mat og drikke attåt. 

Mølla er ein serveringsstad med lett servering i vekedagane. I helga er det middagsservering. Alkoholservering alle dagar.

Campingplassen er eit godt utgangspunkt for den som vil nyte den flotte naturen Nordfjord har å by på, nytte seg av dagsturar til Stryn Sommarski, Geiranger, Loen Skylift, Lodalen og Briksdalen og ta bruk av kort veg til fjellturar i nærområdet som i vakre Erdalen, Sigdestad, Glomsdalen og Sunndalen. 

Grande Camping har sesong frå mai til oktober. 

Åpningstider for kiosken:
1. - 17. juni og 6. - 30. august: 09:00 - 09:30 og 20:00 - 20:30
18. juni - 5. august: 09:00 - 10:00 og 20:00 - 21:00