
Eidsgata
Velkomen til sjølve hjartet i handelsstaden Nordfjordeid. Ei sjarmerande handlegate med unike butikkar og eit mangfald utan sidestykke!
Eidsgata er sjølve symbolet på koseleg handel, og gata er nærast å rekne for å vere eit nasjonalt klenodium som både cruiseturistar og andre langvegsfarande svært gjerne oppsøkjer. Her finn du stolte og solide familiebedrifter, små nisjebutikkar med dei utrulegaste ting og nye, moderne butikkar i ei perfekt blanding – alt pakka inn i gamle, sjarmerande trebygningar.
Info:
- Telefon booking: +47 57 86 46 00
- Telefonnummer: +47 57 86 46 00
- Nettside: www.nordfjord.no
- Kontakt e-post: booking@nordfjord.no
- Visiting address: Eidsgata Postal Address: 6770 Nordfjordeid