Årheimsfjellet

Årheimsfjellet

Fjellet som delar bygdene Stryn og Loen mellom seg.

Midt i mellom Loen og Stryn finn du vegen opp til fjellgarden Oppheim, dette er utgongspunktet for turen til Årheimsfjellet. Frå parkeringsplassen på fjellgarden Oppheim går stien forbi den populære Raksetra. Herifrå dreiar stien mot nordaust til Oppheimsetra og vidare opp den lyngkledde lia til Nøkketjønna. Her svingar stien vestover heiane mot toppen. Tørr sti og familievenleg terreng heilt til toppen av Årheimsfjellet 1006 meter over havet.

Eit anna alternativ er å ta pendelbana Loen Skylift...
Midt i mellom Loen og Stryn finn du vegen opp til fjellgarden Oppheim, dette er utgongspunktet for turen til Årheimsfjellet. Frå parkeringsplassen på fjellgarden Oppheim går stien forbi den populære Raksetra. Herifrå dreiar stien mot nordaust til Oppheimsetra og vidare opp den lyngkledde lia til Nøkketjønna. Her svingar stien vestover heiane mot toppen. Tørr sti og familievenleg terreng heilt til toppen av Årheimsfjellet 1006 meter over havet.

Eit anna alternativ er å ta pendelbana Loen Skylift til fjellet Hoven 1011 meter over havet. Derifrå er det flott tilrettelagt tursti frå Hoven via Skredfjellet, Nøkketjønna til Årheimsfjellet. Frå Nøkketjønna er det ca 300 meter stigning opp til Årheimsfjellet. I sommarsesongen går der skyttelbuss «Loen Shuttle» frå Oppheim tilbake til Loen dersom du vel å returnere frå Årheimsfjellet via Oppheimssetra, Raksetra og ned til Oppheim.

Info:

Attributes

Sommer
Vår
Høst