Aabrekk Gard Trollbu

Aabrekk Gard ligg øvst i Oldedalen i Stryn, ca. 45 minutt frå sentrum. Vi tilbyr overnatting i hytter og historiske hus, samt servering av heimelaga mat og gardsprodukt. Open kafé i sesong. Rolig beli...

Om produktet

Aabrekk Gard ligg øvst i Oldedalen i Stryn, ca. 45 minutt frå sentrum. Vi tilbyr overnatting i hytter og historiske hus, samt servering av heimelaga mat og gardsprodukt. Open kafé i sesong. Rolig beliggenheit ved Brenndalsbreen, nær Briksdalsbreen.
Aabrekk Gard ligg øvst i den vakre Oldedalen i Stryn kommune. Det blir tilbydd overnatting i hytter og restaurert hus frå 1700- og 1800-talet, og det finst eit serveringslokale med god plass for selskap der det blir servert heimelaga mat. Det blir også selt matvarer som er produserte på garden. Produkta som vert leverte frå garden er baserte på sterke tradisjonar, og ber namnet Lykle. I hovudsesongen er det open kafé kvar dag, sjå under for opningstider.

Det blir tilbydd overnatting i Trollbutunet i hytter og leilegheiter frå mai til ut september. For å booke overnatting, gå til Booking.com og søk etter Trollbu Aabrekk gard.
I Trollbutunet kan ein bu i ei hytte og 2 restaurerte hus frå 1700- og 1800-talet. Husa vart flytta hit i 1995. Tunet ligg i eit roleg område omkrinsa av høge fjell og frodiggrøne fjellsider.

Det er 22 sengeplassar fordelte på tre hus. Det er to sjølvstendige hytter, og i den siste hytta er det ei leilegheit i 1. etasje og ei leilegheit i 2. etasje med kvar sine eigne inngangar. Ved behov kan det leigast ekstra senger. I hyttene og leilegheitene er det kjøkken/kjøkkenhjørne, stove, soverom, sofa, TV, spisegruppe og wc/dusj. Alle bada er nyrenoverte vinteren 2023. Ei av hyttene har peisomn, nr. 2 Voljastova.

Garden og Trollbutunet ligg i eit roleg område, ved foten av Brenndalsbreen, og ikkje langt frå den berømte Briksdalsbreen. Det er kort veg til andre kjende plassar, som mellom anna Olden, Loen, Hoven og Stryn. Det turkise Oldedalsvatnet ligg berre 5 minuttars køyring unna. På Yrineste kan ein i hovudsesongen leige kanoar og kajakkar til bruk på Oldevatnet.

I gamlelada (kaféen) kan ein feire store dagar, ha møte eller arrangere slektstreff.
Her blir det teke imot opp til 90 personar for servering i selskap – i eit triveleg miljø.
Huset er bygd på grunnmurane av gamlelada frå 1895.
Nybygget stod ferdig i 2005. Ta kontakt for meir informasjon og bestilling.
I sesongen er det open kafé der ein kan kjøpe heimelaga mat, kaffi og kaker, is, produkt laga på garden, drikkevarer og øl brygga på garden.

Opningstider kaféen 2026:

1. juni – 30. juni: 12.00–18.00
1. juli – 16. august: 12.00–20.00

For opningstider utanom datoane over, følg med på Google-kontoen for Aabrekk gard – Kafé og Restaurant, Facebook-sida eller Instagramkontoen “Aabrekkgardtrollbu”.

Det er også mogleg å kjøpe med seg mat til å ta med, eller ta med til hyttene og leileghetene.

Telefonnummer til kaféen: 47 61 99 33. NB: Nummeret blir berre besvart i opningstidene til kaféen.

Velkomen!

Eigenskapar

  • Sommar
  • TV
  • Nærme naturen
  • Vår
  • Nærme fjellområde
  • Landleg
  • Fjellområde
  • Haust

Kontakt oss