Aabrekk Gard - Kafé og Restaurant

Opplev ekte vestlandsmat i unike omgjevnader i Oldedalen. På Aabrekk Gard blir tradisjonar, lokale råvarer og rolege naturopplevingar samla på ein stad.

Om produktet

Aabrekk Gard ligg idyllisk til øvst i Oldedalen i Stryn, i eit roleg område ved foten av Brenndalsbreen, ikkje langt frå Briksdalsbreen.

På Aabrekk Gard - Kafé og Restaurant kan du kjøpe god heimelaga mat, kaffi og kaker, is,
produkt som er laga på garden, drikkevarer og øl som er brygga på garden. Produkta som vert levert frå garden er basert på sterke tradisjonar, og ber namnet Lykle.

Kaféen er open dagleg i hovudsesongen, og passar perfekt for både ein matpause, ein kaffikopp eller ei roleg stund i vakre omgjevnader. Det er også mogleg å bestille mat for å ta med seg, eller ta med til hyttene eller leilighetene på garden.

I den sjarmerande gamlelada finn du garden sin restaurant og kafé. Her kan du feire store dagar, ha møter eller arrangere slektstreff. Lokala har plass til opp til 90 personar for servering i selskap - i eit triveleg miljø. Huset er bygd på grunnmurane av gamlelada frå 1895. Nybygget stod ferdig i 2005.

Opningstider for kaféen 2026:

1. juni – 30. juni: 12:00–18:00
1. juli – 16. august: 12:00–20:00

For oppdaterte opningstider utanom sesong, følg med på googlekontoen for Aabrekk gard - Kafé og Restaurant, Aabrekk gard på Facebook eller Instagramkontoen “Aabrekkgardtrollbu”.

Velkomen til ei ekte smaksoppleving i hjartet av Oldedalen!

Eigenskapar

  • Sommar

Kontakt oss

Book no