CBIS 6220326
CBIS 6220323
CBIS 6220324
CBIS 6220325
CBIS 6220327
CBIS 6220328

Matstova

På Matstova sin kafe og bakeriutsal i Stryn finn du dagleg eit stort utval rykande ferske bakarvarer frå Matstova sitt eige bakeri i Oppstryn.


Matstova lagar sin lokale tradisjonsmat i eigne lokale i Oppstryn, lokalisert rett ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. I tillegg til gode varer frå bakeriet, lagar dei mat og jamvel serverer til små og store selskap anten som catering eller i sitt lokale. Der kan det haldast selskap til 90 personar. Om sommaren har dei kafé her. Dei leverer alt frå bugnande koldtbord, spekemat og påsmurt, til middagsrettar som sosakjøt, gryterettar og rømmegraut samt dessertar og kaker. Den alltid fulle kafeen deira på Stryn Torg vitnar om kvalitet som smakar.

Matstova – alt du treng av bakarvarer og tradisjonsmat mellom Stryn og Oppstryn.