Standarden krev at informasjon om allmenn tilgjengelegheit og tilrettelegging for menneske med særskilde behov er tilgjengeleg på nettsidene våre — både før og under besøket.
Konkret tilgjengelegheitsinformasjon er framleis mangelvare i reiselivet generelt. Det gjer dette til både eit krav i standarden og eit sterkt sal mot ei veksande gruppe reisande.
Det viktigaste rådet er enkelt: skriv kva du faktisk har. «Ta kontakt for informasjon om tilgjengelegheit» hjelper ingen. «Trinnfri inngang, HC-toalett, eitt tilrettelagt rom» hjelper alle — også dei som då veit at dei ikkje treng å ringje.
Er verksemda di tilrettelagd? Sei frå kva du har, så får det kome fram i produktoppføringa di.
Meld inn tilretteleggingSend oss ei liste over kva verksemda di faktisk har tilrettelagt. Ver konkret — gjerne med mål på dørbreidde og terskelhøgd der det er relevant.
Informasjonen blir del av produktoppføringa di på nordfjord.no og følgjer med vidare til visitnorway.com og fjordnorway.com.
Målet er at ein gjest med særskilde behov skal kunne planleggje heile reisa utan å måtte ringje rundt.