Vi trur at ein god stad å bu også er ein god stad å besøkje. Det avgjerande er ikkje talet på besøkjande i seg sjølv, men verdien dei skapar lokalt — og korleis dei blir opplevde av dei som bur her.
Standarden krev at vi måler og rapporterer offentleg kva lokalsamfunnet meiner om reiselivsutviklinga. Det er ikkje ein formalitet — det er den viktigaste temperaturmålaren vi har.
Minst kvart tredje år bygd på den nasjonale malen. Resultata blir publiserte. For cruise rapporterer vi særskilt kor stor del som er positive.
Handlingsplanen vart utvikla gjennom opne møte i alle fire kommunane. Det er slik vi vil halde fram med innspel før vedtak og ikkje etter.
Etter sesongen går vi gjennom kva som fungerte med tilbakemeldingar frå både bedrifter og innbyggjarar i kvar kommune.
Eitt av dei fem innsatsområda i Handlingsplan 2025–2028 er heilskapleg besøksforvaltning. Målet er besøksstyring som gjev auka lokal verdiskaping og minst mogleg slitasje på natur, kultur og lokalsamfunn.
| Tiltak | Kva det inneber | Status |
|---|---|---|
| Plan for heilskapleg besøksforvaltning | Identifisere naturområde og kulturminne av særskild interesse og sonere kva område som skal leggje til rette for turisme — og kva som ikkje skal. Omfattar både cruise og landbasert trafikk. | I arbeid |
| Lokale planar for viktige besøksmål | Konkrete planar der det er press eller der vi ønskjer meir trafikk: toalett, avfall, parkering, informasjon og tilrettelegging. | Løpande |
| Overvaking | Følgje med på både tilrettelagde og ikkje-tilrettelagde område for å fange opp endringar tidsnok. | Løpande |
| Områder vi ikkje marknadsfører | Definere kva stader som skal vere forbeholdne innbyggjarane og som verken vi eller aktørane marknadsfører mot besøkjande. | I arbeid |
| Risiko og beredskap | Innspel til kommunane sine beredskapsplanar særleg for område med høgt besøkstrykk. Årleg møte med politi, redningsteneste og beredskapsansvarlege. | I arbeid |
Tiltaka er henta frå innsatsområde 1 i Handlingsplan 2025–2028. Ansvaret er delt mellom destinasjonsleiinga, kommunane, Samarbeid i Nordfjord, grunneigarar og reiselivet.
Standarden krev at vi kartlegg dei økonomiske ringverknadene av reiselivet og kommuniserer dei til dei viktigaste interessentgruppene. Det handlar om å kunne svare på eit enkelt spørsmål: kva sit Nordfjord igjen med?
For cruise er dette særleg tydeleg. Ein cruisegjest er berre verdifull for regionen dersom noko av det ho brukar hamnar hos ein lokal aktør — og då må lokale bedrifter vere synlege i landprogramma rederia set opp.