Standarden krev rutinar som sikrar at marknadsmateriell er korrekt og at kommunikasjonen aktivt bidreg til ansvarleg gjesteåtferd og god besøksstyring. Dette er reglane vi held oss til og som vi ber deg følgje.
Ansvarleg marknadsføring handlar for oss om meir enn å skape merksemd. Det handlar om å byggje tillit, styre forventningar og inspirere til berekraftige val, slik at vi tek vare på naturen og dei levande samfunna i Nordfjord. Når vi styrer forventningane, fremjar respekt for lokale normer og leier gjestane mot kloke val, får vi meir nøgde gjestar og eit meir berekraftig samfunn.
Retningslinjene gjeld alt vi lagar sjølve og vi ber medlemmene følgje dei i eiga marknadsføring av Nordfjord.
Bilete og tekst må vere i samsvar med retningslinjene.
Ei ekte og ærleg framstilling av destinasjonen.
Nordfjord skal framstillast ærleg og etterretteleg som reisemål, for gjestene vi har i dag og dei som kjem. Visit Nordfjord har difor signert Grønnvaskingsplakaten og vi ber alle som marknadsfører Nordfjord om å gjere seg kjende med og følgje dei ti prinsippa.