norsk   english   deutsch
Søk
Få stadar er landskapet meir variert og opplevingane så mangfaldige som i Nordfjord. På ei reise langs Nordfjorden vil du oppleve kontrastrik natur, frå mektige fjell, djupe vatn, fossar, isbrear og fjord til Stadhavet som slår inn mot kysten vår. Opplev brevandring, turar på fjorden eller rusle i sola på kvite sandstrender. Attraksjonane ligg som perler på ei snor. Kom til Nordfjord, og la naturen og menneska inspirere deg. Den som reiser får sjå.



Kart Nordfjord - Norge




Nordfjord Vandrefestival 7. - 15. august 2010


Følg oss på Facebook

Gloppen

Utvikfjellet © Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge
Det gode klimaet har gjort Gloppen til fylket sin største jordbrukskommune. At aktivt jordbruk står sterkt vitnar
det velpleia kulturlandskapet om. Resultatet er svært gode råvarer av både kjøtt, mjølk, frukt, bær og urter. Skogen husar dessutan ein stor hjortestamme. Mulegheita for å få vere med på jakt, eller å få seg eit måltid med smak av
vilt er såleis stor.

Gloppen kan smykke seg med ein flott og variert natur som innbyr til minnerike naturopplevingar heile året. Nyt naturen i fred og ro ved hytteveggen, eller bruk naturen  © Nordfjord Folkehøgskule/Nordfjord Adventure
aktivt og ta fotturar til karakteristiske fjelltoppar som
Gjegnen, Ryssdalshorn og Eggenipa. Opplev kajakkpadling på Gloppefjorden eller nyt mektig vestlandsnatur frå hesteryggen. Dei mange velhaldne stølane gjer at også eit stølsbesøk blir ei heilt spesiell oppleving! Det meste kan du oppleve på eiga hand, men leig gjerne ein kjentmann som kan fortelje deg dei gode historiene som du garantert vil hugse! Nordfjord Adventure står klar til å ta deg med.

Likar du å fiske er Gloppen eit eldorado for både deg som likar å fiske etter ørret og røyr, men også for deg som er Flugefiske i Gloppen © Bernd Kuleisa
meir interessert i å fiske etter laks i dei lakseførande elvane Gloppeelva og Hyeelva. Valet er ditt!

Kommunesenteret Sandane ligg sentralt og idyllisk til ved Gloppefjorden omkransa av ås- og fjellandskap. Heradshuset med klokketårnet sitt og Tankeringen er sentralt plassert i sentrum, som dessutan er særprega med små, intime butikkar med eit rikt vareutval.

4 ting du berre få med deg ved eit besøk:

• På historiske Gloppen Hotell står matopplevingar i kø. Gloppen Hotell © Gloppen Hotell
Hotellet freistar med herlege rettar heile året – det meste
av råvarene henta frå bønder i kommunen og langs fjordane elles. Nyt eit måltid i den sjarmerande restauranten Stovene. Ved avreise hugs å kjøp med deg ein lokal spesialitet frå hotellet sitt populære gardsmatutsal!
Daiva sin butikk midt i sentrum er kanskje ein av dei mest spesielle småbutikkane. Butikken minner om ei lita skattekiste med alt frå særprega leikar til flotte smykke. I denne butikken finn du også Turistinformasjonen på Sandane. Etter ein handel, sjå på dagleglivet utanfor og nyt ein kopp kaffi!
Nordfjord Folkemuseum © Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge
Nordfjord Folkemuseum ligg i gangavstand frå
Sandane, i eit lunt område kalla Jølet. Museet har skapt eit gards- og utmarksmiljø slik det kunne sjå ut i Nordfjord fram til siste hundreårsskiftet. Museet har ei stor samling med gamle hus og gjenstandar frå heile Nordfjord.

• Besøk Antikk og Rarieteter – ”låven med det rare i”, ei herleg blanding av antikvitetsbutikk og selskapslokale. Låven ligg få km utanfor Sandane sentrum, i retning Hyen.

Gloppen har eigen flyplass!Ridetur på Utvikfjellet © Terje Rakke/Nordic Life
Som einaste kommune i Nordfjord med flyplass (Sandane Lufthamn), er Gloppen eit viktig trafikknutepunkt i regionen og svært tilgjengeleg frå dei største byane i landet.

Overnatting i Gloppen
Gloppen har eit godt utval av overnattingsstader: historiske Gloppen Hotell i sveitsarstil og Gloppefjord Sommarhotell for deg som ønskjer litt enklare standard. Velhaldne campingplassar og feriehus finn du både på Byrkjelo og på Sandane. For deg som verkeleg vil oppleve balsam for kropp og sjel – overnatt på ein av dei mange stølane!  © Gloppefjord Sommarhotell

Hotell og pensjonat
Gloppen Hotell
Gloppefjord Sommarhotell

Campingplassar
Byrkjelo Camping
Gloppen Camping og Fritidssenter

Feriehus, hytter og ferieleilegheit
Kvitfella Feriehytter
Sandal Gardsturisme Sandal Gardsturisme © Sandal Gardsturisme
Stensaker Ferieleilegheit

Stølsovernatting NYHEIT!
I Gloppen finst det 6 stølar som kan leigast for overnatting.
Les meir og bestill her

Bestill overnatting i Gloppen her: Tel. 57 87 40 53 eller mail@nordfjord.no

Klikk her for å sjå det du kan oppleve her!

Turistkontoret på Byrkjelo Støylsutleige i Gloppen © Eivind André Hugvik
Turistinformasjonen på Sandane

Veret i Gloppen (Sandane) no

Nyttig informasjon:

Gloppen kommune
Breim
Hyen
Gloppen Sportsfiske
Kunsthandverk frå Gloppen
Sandane Næringshage









Reisemål Stryn & Nordfjord

Din offisielle reiseguide i Nordfjord

Explore Fjord Norway



Olden © Hansa Briksdal Sparebanken Sogn og Fjordane
Kontakt ossOm RSNPresse/mediaImageshopBransjenettCruiseAnnonsering