Annonser




Bestill her



Ankomst

Avreise


Søk kapasitet

Stryn

Den vakre og storfelte naturen i Indre Nordfjord har gjort Stryn til ein av dei store turistkommunane i Noreg. Briksdalsbreen i Olden er eit av dei mest besøkte turistmåla i landet. Lodalen, som vert rekna som ein av dei vakraste stadane i Norge, er også ein stor naturattraksjon.

Lodalen
Lodalen
Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norge
Stryn
Foto: Thomas Bickhardt/BickFoto

Stryn kommune ligg inst i Nordfjord der fjella stig mot breen. Her bur 6842 innbyggarar, derav omlag 3000 i Stryn sentrum. Stryn kommune dekkjer eit område på heile 1.382 km2, og er innfallsporten til Jostedalsbreen Nasjonalpark. I 2008 fekk Stryn status som nasjonalparkkommune.

Primærnæringane, småindustri og turisme er dei viktigaste levevegane i Stryn kommune. Merkenamn som Olden Brevatn, Ricco Vero, Moods of Norway, Aloha Hemp og Skogstad Sport har alle rotfeste i Stryn.

Stryn består av fleire bygdelag. Heilt i fjordenden ligg Loen og Olden med sine dalar som fører inn til Jostedalsbreen, og reiser du vidare utover fjorden på sørsida kjem du til Innvik og Utvik. Rett over fjorden ligg Nordsida og Markane.

Aktivitetstilboda er mange og dei mest spennande er knytt til breen, med sommarskisenter og brevandring. Sidan 1860 talet har det vore turistar i bygdene og ein har lange tradisjonar for å ta vare på gjestene som kjem på besøk. Lindeblada i kommunevåpenet kjem av at den største lindeskogen i Europa som ligg i Flostranda i Stryn. Vi kan og skilte med å ha ein Nasjonal Turistveg i kommunen vår, Gamle Strynefjellsvegen (rv 258). Den nærare 110 år gamle vegen slynger seg over fjellet mellom Stryn og Skjåk, og var lenge det einaste sambandet mellom aust og vest, på denne vegen får ein fortsatt følelsen av å køyre på gamal ferdaveg. Olden er kjend som ei populær cruisehamn, og kvar sommar kjem store cruisebåtar inn fjorden. 

Nyttige lokale internettsider:

www.stryn.kommune.no

www.fagrestryn.no

www.turistveg.no

www.strynibilder.no

www.filmweb.no/s-kino/stryn/ (Stryn kino)

Nettsider for bygder i Stryn kommune:

www.loeninfo.com

www.nordfjordpanorama.no

www.oppstryn.com

Sist oppdatert   10.04.2010  
RELATERTE PRODUKTER

Stryn Turistinformasjon

Stryn

Stryn Turistinformasjon

Turistinformasjon i Stryn sentrum, 1. etg. i Stryn Næringshage. Våre turistvertar kan hjelpe deg med informasjon om aktivitetar, attraksjonar, arrangement og overnatting. ...

Copyright © Thomas Bickhardt

Stryn

Briksdalsbreen

Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg 300 000 gjester frå heile verda. God mat og drikke,...



 
 
  
Reisemål Stryn & Nordfjord • Tinggt. 3 • NO-6783 Stryn • Tel.: +47 57 87 40 40 • Fax +47 57 87 40 41 • mail@nordfjord.no