Loen Active Kajakk
©Loen Active

Opplev Nordfjord med ein lokalkjent guide 

Guideselskapa i Nordfjord har turar både til fots, på sykkel og på vatn, der du kan oppleve dei finaste stadane som fins i regionen. Vi har også guidar som geleidar deg trygt gjennom Via Ferrata Loen eller over den majestetiske Tystigbreen. 

I Nordfjord ligg naturperlene på rad og rekke. Likevel er det lett å hamne på stien der alle andre går. Kvifor ikkje heller bli med ein lokalkjent guide på tur? Guideselskapa tek seg av planlegging, logistikk, sikkerheit og fellesutstyr. Du må sjølvsagt ta ansvar og bere ditt eige utstyr, men utover det er det berre å nyte turen. 

Målet er at du skal få ei trygg og god oppleving ved å bli guida av ein lokalkjent. Naturen i Norge og Nordfjord er vill og dramatisk. Difor krev det også kompetanse for å ta gode avgjeringar både før og under turen. Lokal kunnskap om områda du beveger deg i vil også berike opplevinga. Det fins mange forteljingar om områda i Nordfjord som du går glipp av om du ikkje har med deg ein dyktig guide. 

Mange trur at ein guida tur automatisk er ein krevjande tur. Dette stemmer ikkje. Guideselskapa i Nordfjord byr på turar til alle nivå og ambisjonar. Alt frå korte dagsturar og heildagsturar til turar som varer over fleire dagar. Det fins turar som er tilpassa ditt behov og ønskje. Reis på tur med den erfarne gutegjengen eller ta med familien på ein lavterskel-tur ute i vakker natur. Guida turar og kurs er også ein perfekt arena for å prøve nye aktivitetar. Kanskje du alltid har drøymt om å teste stisykling eller kajakk? Då vil ein guida tur eller kurs vere perfekt for deg. Turane inkluderer grunnleggande opplæring av sertifiserte intruktørar. 

Foto: © Mattias Fredriksson / Stisykling

Stisykling Mattias
Loen Active Via Ferrata Loen

 

Foto: © Mattias Fredriksson / Via Ferrata Loen

Finn eit guideselskap i Nordfjord

 

Finn ei guida oppleving i Nordfjord

 

Opplev spektakulære Nordfjord

Finn ein aktivitet som passar deg og ditt reisefølgje

© Olden Active / RIB på Nordfjorden
RIB Olden Active