Brevandring

 

Meir enn frose vatn?

 

Briksdalsbreen

 

Jostedalsbreen dekker eit område på 458 kvadratkilometer (i 2022) og er dermed den største isbreen på det europeiske fastlandet. Isbreen har eksistert i om lag 6000 år, og har vore gjenstand for store endringar i klimaet. I dag kan ein gå opp til isbreen på eiga hand, eller bli guida på breen i trygge former i unike omgjevnadar. Dersom du vil lære meir om Jostedalsbreen si historie og klimaendringane sin påverknad på denne, kan du oppsøke eit av besøksentra i regionen.

Nordfjord har blitt eit populært reisemål for mange som set pris på alt det vakre i dei naturlege fjellformasjonane. Det er mange isbrear i området som har fanga merksemda til mange turistar. Historia om Jostedalsbreen strekk seg tilbake til slutten av siste istid for om lag 11 000 år sidan. I løpet av dei siste hundreåra har isbreen blitt stadig mindre, og er  i dag i ferd med å krype langt oppover fjellsidene. Likevel er det mange fantastiske utsiktspunkt og vandreturar som gjer det mogleg å oppleve denne imponerande isbreen. Jostedalsbreen har mange brearmar i Nordfjord som er verdt å besøke. Briksdalsbreen er den mest kjende og berømte isbreen i området, og denne brearmen lokkar fortsatt fleire hundre tusen gjester frå alle verdshjørner.

Dei tolv mest populære breane i Nordfjord:

Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Bødalsbreen, Melkevollbreen, Brenndalsbreen, Erdalsbreen, Tjøtabreen, Krunebreen, Myklebustbreen, Tystigbreen, Ålfotbreen and Gjegnalundsbreen.

Korleis oppstår ein isbre?

 

Brear vert danna som følgje av overskot med snø om vinteren i høve til smeltinga om sommaren. Det kan ofte vere kaldt, skya og vindfullt oppe på breen, samstundes som det er varmt, sol og vindstille i dalane. Dei karakteristiske sprekkene du ser på isen kjem av at bre-is alltid er i rørsle, som ei seig elv av is, der tyngdekrafta står bak endringane.

 

Er Jostedalsbreen ein rest frå istida?

 

Den siste istida enda for 11 700 år sidan. Forskarar har funne ut at Jostedalsbreen, til liks med dei fleste breane i Noreg, var heilt smelta vekk under ein varmeperiode frå om lag 8000 til 5000 år sidan. Så vart det igjen kaldt nok til at noko snø overlevde sommarsesongen og breen blei forma på nytt.

 

«Den vesle istida»

 

Under «den vesle istida», ein kald periode frå om lag år 1300 – 1920, var breen på sitt mektigaste sidan siste istid. Endemorenene viser utbreiinga av breane på denne tida og dei er lette å observere i dalane kring Jostedalsbreen.

Isbre
Brevandring

 

Kvifor er brevatna smaragdgrøne?

 

Sandkorn og grus som fryst fast i botnen av isbreane skurar som eit sandpapir på berggrunnen. Det finkorna «steinmjølet» som vert danna, vert spylt vekk av smeltevatnet og hamnar i breelva og i brevatna, og til slutt i fjorden. Dette finkorna «mjølet», som geologane kallar silt og leire, reflekterer sollyset slik at elvane og dei store innsjøane i indre Nordfjord  (Oppstrynsvatnet, Lovatnet og Oldevatnet) får ein vakker, smaragdgrøn farge.

 

Isbreen skapte fjordane våre

 

Fjordane er blitt danna ved at gigantiske isbretunger gjennom eit titals istider har forma landskapet. Ein fjord er eit U-forma undersjøisk dalføre, og på Vestlandet er denne dalen ofte omkransa av eit dramatisk fjellandskap. Framfor brearmane blei det mot slutten av siste istid ståande igjen endemorener av stein, grus og sand.

 

 

Fjord - eit internasjonalt ord

 

Fjord er eit av dei få norske orda som er blitt internasjonale, spesielt i engelsk der det blir nytta direkte. Fjord kjem frå det norrøne fjorðr. Fjord i grunntydinga «der ein ferder over» har då same opphav som ordet «ferd» (reise), på engelsk «fare». Verbet fare og substantivet ferje, engelske ferry, er av same opphav.

Brevatn i Bødalen

Slik kan du oppleve isbreen

I Nordfjord kan du oppleve den ville naturen på nært hald gjennom aktivitetar som fjellvandring, klatring, sykling, kajakk, surfing og fiske for å nemne noko. Om du ønskjer å utforske området på ein meir avslappande måte, kan du ta ein båttur langs fjorden eller på havet for å sjå dei spektakulære omgjevnadane frå sjøsida. Dersom du er på jakt etter ei unik oppleving i Noreg, bør Nordfjord stå øvst på lista. Nyt den vakre naturen, lær om regionen sin kulturarv og historie til dømes på besøkssentra, og kos deg med god mat og drikke. Book din tur til Nordfjord i dag, og gjer deg klar for ei oppleving du seint vil gløyme!

Breane våre kan opplevast frå trygg avstand eller på tur med ein stødig guide. På Vestlandet og i Nordfjord kan du oppleve isbreen frå eit utsiktspunkt eller bli med opp på ein isbre på ein guida bretur. I Nordfjord kan du mellom anna besøke følgjande brearmar av Jostedalsbreen og oppleve dei frå avstand; Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Bødalsbreen, Brenndalsbreen og Erdalsbreen. Ynskjer du å gå på ein isbre, så kan du gjere dette på følgjande brear i Nordfjord: Tystigbreen og Haugabreen. Tystigbreen er òg særeigen sidan ein her finn eit sommarskisenter som vanlegvis held ope frå slutten av mai til starten av juli. Her har skiglade gjester frå inn- og utland kosa seg og rent ned fjellsida sidan 1940-talet. Når snøen har smelta tidleg på sommaren, har ein nytta Tystigbreen til brevandring. Vil du lære meir om isbreane våre, kan du mellom anna gjere det på Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn.

Brenndalsbreen
Brevandring

 

Brevandring med guide

 

Vil du oppleve blåisen på nært hald, meld deg på ein guida bretur.  Turen er tilrettelagt for både vaksne og yngre (ca. 12 år) familiemedlemar som er i normalt god fysisk form. I møte med dei glinsande iskrystallane tilpassar guiden turen etter vêrforholda, ønskjer frå turgåarane, nivå og ferdigheiter i det einskilde taulaget. På turen inn mot breen fortel guiden deg om korleis breen har utforma landskapet og om den lokale brehistoria. Ved brefoten tek ein på stegjern, hjelm, isøks og tau før ein stig opp på breen. Turen kan ta frå 5-7 timar, der ein er om lag 2-3 timar på isen. Bestill turen seinast dagen før.

 

Dette bør du ha med:

• Bekledning tilpassa vêrforholda (ytterbekledning og evt. isolasjonsjakke)

• Hanskar og lue er tilrådd!

• Høge fjellsko

• Ein ryggsekk med plass til litt fellesutstyr

• Solbriller og solkrem

• Mat og drikke

Visste du at?

Briksdalsbreen
  1. Jostedalsbreen er 458 kvadratkilometer
  2. Isbreen på det meste er om lag 600 m tjukk, 100 km lang og 15 km brei
  3. Isbreen ligg i Jostedalsbreen Nasjonalpark som fekk sin verna status i 1991
  4. Breakulen er det høgste punktet på isbreen 1957 meter over havet
  5. Det finst tre besøkssenter rundt Jostedalsbreen
  6. Isbreen har gitt liv til fjordane våre
  7. Jostedalsbreen skil to av dei lengste fjordane i verda, Sognefjorden og Nordfjorden
  8. Breane og landskapet rundt er viktige for blant anna vasskraft, forsking på klima, turisme og rekreasjon.
  9. Isbreen «lever» og kan bevege seg opptil 1-3 m i døgnet
  10. Briksdalsbreen gjekk fram heile 300 meter mellom 1987 og 1997

11. Transporten til Briksdalsbreen var med fjordhest og kjerre fram til 2004
12. I dag tek opne trollbilar deg til Briksdalsbreen, om du ikkje vil gå
13. I gamle dagar var Jostedalsbreen brukt som ferdselsveg til Austlandet
14. Når det rasar is frå brefronten og ut i eit vatn seier vi at breen kalvar
15. Isbreane er blå på grunn av lysbryting i iskrystallane
16. Isbreen er med å «måle» dei tilhøyrande vatna grøn-turkise
17. Mineralvatnet «Olden» kjem av brevatn frå «Blåfjellkjelda»
18. At det i ein morenerygg framfor Briksdalsbreen er funne ein trestokk frå eit seljetre som er datert til å vere 8525 år gamal
19. Det finst om lag 50 brearmar og 20 av desse har fått namn etter dalen dei er i
20. Dersom all isen på Jostedalsbreen hadde smelta til vatn, hadde isbreen fylt 300.000 millionar badekar

Bestill di breoppleving

 

Briksdalsbreen haust