Breheimen Naturprodukt

Breheimen Naturprodukt

Breheimen Naturprodukt tilbyr kjøt frå ville dyr og honning frå naturreservat.

Breheimen Naturprodukt er ei lita familieverksemd i Stryn. Dei tilbyr kjøtprodukt av villrein, vill hjort og elg, (mørbrad, flatbiff, rundsteik, karbonader, dampepølse m.m.), som dei i hovudsak har jakta sjølve. I tillegg har dei to spesielle typar honning frå eigen bigard. Den eine er Lindhonning frå Flostranda naturreservat, Nord Europa sin største forekomst av vill lindeskog, og klokkelynghonning, som har ein heilt spesiell konsistens og smak. Sommarhonningen innheld alt av blomster som biene
Breheimen Naturprodukt er ei lita familieverksemd i Stryn. Dei tilbyr kjøtprodukt av villrein, vill hjort og elg, (mørbrad, flatbiff, rundsteik, karbonader, dampepølse m.m.), som dei i hovudsak har jakta sjølve. I tillegg har dei to spesielle typar honning frå eigen bigard. Den eine er Lindhonning frå Flostranda naturreservat, Nord Europa sin største forekomst av vill lindeskog, og klokkelynghonning, som har ein heilt spesiell konsistens og smak. Sommarhonningen innheld alt av blomster som biene besøker frå mai til juli. Breheimen Naturprodukt sel produkta på eiga hand og gjennom Bondens marked– kanskje treff du dei i Stryn sentrum?

Her får du smaken av vilt og honning av ypperste klasse– nærare naturen kjem du knapt.

Kjerringråd: Det er sagt at honning hjelper mot forkjøling, på sår og anna. Må ikkje varmast opp meir enn max 50 grader, elles øydelegg ein dei gode enzymene som er med å gjere godt.

Info: