CBIS 6271027
CBIS 6271028
CBIS 6271029
CBIS 6271030
CBIS 6271031

Ytrehornsnakken

Om det var fare på ferde, tende folk i eldre tid eld. Utsiktspunktet tenner framleis gnisten i dei som tek turen.

Ytrehornsnakken var ein “vete-plass” i eldre tid. Det vide utsynet og det at staden var relativt lett tilgjengeleg med skog ikring, gjorde fjellet til ein del av varslings-systemet i eldre tid. Framleis varslar folk vener og grannar frå toppen, men då med freistande bilete - eit panorama av Nord-fjord-natur på sitt beste. Turen opp er lett, knappe 450 høgdemeter frå Grodås ved Hornindalsvatnet. Ein god plass å tenne turgnisten i dei yngste.