CBIS 6650906

Vingen

Innerst i den tronge Vingenpollen, med bratte fjell ikring, og med Hornelen kneisande over, ligg Vingen, eit av dei største og mest særmerka helleristningsfelta i Nord-Europa.

Her finn ein nestan 2500 figurar som alle er omlag 7000 år gamle. Hjorten er det vanlegaste motivet, men ein finn òg menneskefigurar og abstrakte symbol, samt stavar med dyrehovud som ofte blir tolka som viktige ledd i sjamanistiske sermoniar. Vingen må sjåast i samanheng med steinalderbusettningane som er funne i Skatestraumen-området, der ein mest truleg har hatt kontinuerlig bebuelse i 8000 år. 150 slike busettningar har blitt funne, eit uhørt høgt antall i ei tid ein enno ikkje hadde jordbruk. Det finst mykje informasjon om dette ved rasteplassen Gloføykje på Rugsundøya, ved fastlandssambandet til ytre Bremanger. Det er Universitetsmuseumet i Bergen som eig og driver området, der dei driver med aktiv forsking der ein stadig kjem med nye funn og teoriar kring mysteriet Vingen. Fleire av forskarane har uttalt seg om at Vingen absolutt burde vere høgaktuelt å få på verdensarvslista. Området er totaltverna, og berre organisert ferdsel er tillate. Opplevinga av å gå rundt og sjå kvar dei satt og lagde alle figurane, kvifor dei lagde dei, og å prøve å forstå formålet med ristningane er unik. I samarbeid med godt erfarne guidar blir dette ein tur du neppe gløymer fort. Dronning Sonja er ei av dei som har lagt sin elsk på Vingen, og besøkte feltet både i 2014 og 2017. Det vert sett opp turar fredagar om sommaren, men kan arrangerast turar utanom om det er ynskjeleg. Ta kontakt med turistinformasjonen i Bremanger for bestilling og meir informasjon.