CBIS 6421981

Vårkonsert korpsa i Stad kommune

Alle ti korpsa i Eid, Selje og på Bryggja samlast til den aller første vårkonserten i nye Stad kommune!

Alle ti korpsa i Eid, Selje og på Bryggja samlast til den aller første vårkonserten nye Stad kommune! Vårkonserten har lange tradisjonar i Eid kommune. I fleire tiår har korpsa samlast, og veksla på å vere arrangør.

Kjølsdalen skulemusikk er arrangør i 2020, og dei slår på stortromma og har fått med seg alle ti korpsa i Eid, Selje og på Bryggja - altså nye Stad kommune!

Frå vest til aust:
Selje og Stadlandet skulekorps
Bryggja skulekorps
Ytre Nordfjord Brass
Kjølsdalen skulemusikk
Kjølsdalen musikklag
Stårheim skulekorps
Haugen skulemusikk
Nordfjordeid skulekorps
Eid musikklag
Hjelle skulemusikk

Konferansier: Thomas Hals

Kafé i foajeen før konserten, og i pausen blir det kafé og loddsal.

Hjarteleg velkomne til ein usedvanleg triveleg korpsettermiddag i Operahuset Nordfjord!