CBIS 6222133
CBIS 6222134
CBIS 6222135
CBIS 6222136
CBIS 6222138
CBIS 6222139
CBIS 6222140

Vågsberget

Vågsberget ligg vakkert til mot sjøen ein kort køyretur frå Måløy, på vegen mot Vågsvåg og Kannesteinen. Det var eit av mange handels- og gjestgjevarstadar langs kysten vår, og er idag eit av dei mest komplette og ivaretekne vi har att i Noreg.

Vågsberget i Vågsøy kommune er ein av mange handels- og gjestegjevarstadar langs kysten. I dag er Vågsberget freda som ein av dei best bevarte handelsstadane i Noreg.

Bygningane på staden er frå omkring 1800, men handelstaden har røter tilbake til 1600 talet. Kystmuseet held ope her i sommarsesongen, med guida omvising i dei historiske husa, og utstilling og kafé i driftsbygningen.

Eigaren på Vågsberget hadde handelsprivilegium frå kongen med einerett til handel med ei rekkje varer. Folk i nærområdet kom lett i gjeld til handelsmannen. Privilegiet fall bort etter 1814.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane har ansvar for drifta av Vågsberget.