Hand Thomas Sagvik
©Thomas Sagvik

Turist med reint samvit

Ein tekst av Sol Fure
 

Ein turist er per definisjon ein person som reiser og oppheld seg i eit område for fornøyelsen sin del. Det er eit stort privilegium for menneske å kose seg på denne måten, men det skaper diverre unødvendig stor belastning på den vakre naturen vår. Med enkle grep kan du bidra til å redusere klimaavtrykket, og likevel nyte opphaldet ditt.

Thomas Sagvik
 

 

Grøn reise i Nordfjord på 12 steg

1) Plukk søppel: Gjer det til ei vane å alltid plukke opp søppel du finn i naturen, ha med eigen plastpose til dette i sekken. Barn syns søppeljakt er gøy, og det skaper eit bevisst forhold til ansvaret som vi vaksne har som rollemodellar. Vi forebygger dessutan at den neste generasjonen ukritisk hiv frå seg søppel.

2) Bruk drikkeflaske: I Noreg seljast millionvis av liter kildevatn på flaske, trass i at vi får heilt reint vatn i både vasskraner og elvar. Tusenvis av trailere fraktar vatnet frå A til Å på norske vegar, og dette fører til store mengder CO2 utslepp. Ved å investere i ei solid drikkeflaske og fylle på denne ved behov er du med på å redusere du klimaavtrykket. Lommeboka nyt også godt av dette!

3) Dobesøk i naturen: gå gjerne på do i naturen, men sørg for å gå langt unna stien og at du dekkar til avføringa med steinar slik at ikkje dyr eller menneske trør i det. Toalettpapir bruker lang tid på å forsvinne i naturen, og er lite hyggeleg å komme over, så ta det med deg i ein hundepose.

4) Ta vare på trea og faunaen i skogen: Bruk hengekøyestropper som ikkje gneg hol i barken, og ikkje brekk greiner eller plukk blomar som er freda. Ta hensyn til dyr og fuglar som er i området, husk at du er på besøk i heimen deira.

5) Støtt lokale aktørar: Bedrifter som livnærer seg på turisme legg hjarte sitt i at du skal få oppleve og nyte naturen på best mogleg vis. Mange av desse bedriftene betalar pengar som går til å betale felles goder som rydding av strandsoner, drift av sanitæranlegg, søppeltømming osv. Vèr bevisst dette og handle lokalt når du er på tur.

6) Følg stien: Vegetasjonen er sårbar og stiane mange stader blir breiare og breiare fordi det er mange menneske som går utanom stien. Hald deg på stien sjølv om den er gjørmete.

7) Vipps litt tips: Enkelte stader med høgt trykk er det naudsynt å tilrettelegge betre, mellom anna ved å setje opp offentlege toalett, eller ved å utbetre stiar med treplankar og steinar. Ser du eit skilt med oppmoding om å Vippse ein liten slant, er du på ein slik stad. Pengane går direkte til å halde naturen fin, ryddig og sunn. På restaurantar er det vanleg å gje tips om du får god service, så kvifor ikkje vippse litt tips til ein 1000 stjerners utandørs restaurant ?

8) Å gjere opp ild: Ta med eige brensel, unngå eingongsgrill så langt det er mogleg og bruk etablerte bålplassar. Eit bål er ein samlingsplass for gode samtaler, mat og refleksjon. Inviter gjerne andre til å bruke bålet ditt, - det er sosialt, koseleg og set mindre avtrykk enn mange små bål. Husk at det er bålforbod i perioden 15. april til 15. september, då er det ikkje lov å tenne opp bål, grill eller eingongsgrill i eller i nærleiken av skog og all anna utmark i Noreg.

9) Flytt teltet etter 2 dagar: Allemannsretten gjer deg lov til å telte i utmark, men flytt helst teltet etter 2 dagar for å ha så sporlaus ferdsel som mogleg.

10) Køyr saman, reis kollektivt eller lei sykkel: Parker bilen og reis slik dei lokale gjer: ved hjelp av buss og sykkel. Det er avslappande å ta seg rundt på denne måten, du slepp å stresse med å finne parkeringsplass, og du kjem i kontakt med menneske som kan gje deg spennande tips enn om du berre sit i eigen bil. Viss dette ikkje er mogleg: køyr saman med andre og parker bilen plasseffektivt.

11) Kjøp brukt, reparer, kjøp kvalitet: Det er eit paradoks at friluftsbransjen er ein av verstingane på forureining og CO2 utslepp. Invester i kvalitetsutstyr som du har i mange år framfor å kjøpe billige variantar som har kort levetid. Ta vare på utstyret ditt og reparer det viss det er mogleg. Lever det som du ikkje kan bruke lenger til gjenvinning. Alle kommunar har gjenbruksstasjonar, her kan du deponere ALT i tekstil– til og med øydelagde sko og klede som ikkje lenger kan brukast.

12) Gje tipsa vidare: Inspirer andre til å ta gode og verdifulle val ved å synleggjere innsatsen du legg inn, eller smarte tips og triks på tur. Det er trendy å vere miljøbevisst, så bruk gjerne sosiale media til spreie bodskapen vidare slik at det å ta vare på naturen blir kultur for oss alle.