CBIS 6151108
CBIS 6151106
CBIS 6151107
CBIS 6151109
CBIS 6151110

Trollbil til Briksdal

Ein turen i Briksdal - Vegen slyngjer seg i vakker natur opp langs fossar og stryk i Briksdalen

I meir enn hundre år hadde bøndene i Oldedalen frakta turistar med hest og kjerre inn til vakre Briksdalsbreen. I 2004 valde ein å leggje ned dette tilbodet, og i staden tilby turen til breen med spesielle “Trollbilar”. Turen går frå haldeplassen like ved souvenirbutikken i Briksdal - og vegen slyngjer seg i vakker natur opp langs fossar og stryk i Briksdalen. Frå endestasjonen på Kleivane og inn til vatnet ved Briksdalsbreen er det ca. 500 m å gå. Stien er brei og fin og her vandrer du gjennom urørt natur i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Det er bygd rampe ved start i Briksdal og ved endestasjonen på Kleivane, så det er lett og kome seg opp i og ut av bilane.
Det er viktig å bestille i god tid, då denne turen er svært populær.

KOME HIT
Frå Olden kai kan du ta Brebussen inn til Briksdalen for å oppleve den vakre Briksdalsbreen. Kombinere gjerne turen til breen og Nasjonalparken med eit besøk i verdsarvområda kring Geiranger. Rutetider finn du her.