CBIS 6335841
CBIS 6335842
CBIS 6335843
CBIS 6335844

Strynsvatn Camping (leiligheter)

Strynsvatn Camping er ein familiedreven campingplass med lange tradisjonar innen standard, service, kvalitet og gjestfridom – kort sagt “alt” som saman med den vestlandske naturen kan gje deg ei ferieoppleving du vil minnast.
Velkomne hit!

Strynsvatn Camping er ein del av PlusCamp campingplassane, og vi er i NHO Reiseliv klassifisert med 4 stjerner.
Her er 37 utleigehytter, 4 ferieleilegheiter og ca 40 oppstillingsplassar for bobilar, campingvogner og telt. Vi har også 80 sesongplassar for caravan.Nytt av året er ein fin Carado 448 bobil for utleige. Av aktivitetar på plassen har vi båt og kanoutleige, sykkelutleige, badeplass, grillplass ved vatnet, leikeplass, oppmerka tursti til fjell og bre.


Strynsvatn Camping ligg fint til med utsikt over Strynevatnet. Strynsvatn Camping er ein perfekt base for opplevingar i distriktet. I nærområdet ligg Stryn sentrum med sømjehall og shopping, Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Nasjonalparksenter, gondolbane til Hoven Loen, Via Ferrata Loen, Stryn Sommerski, Geiranger, Vestkapp.
Stryn er også eit vandreparadis med mange oppmerkte turvegar til fjelltoppar som Skåla, Storskredfjell, Kyrkjenibba.

Vi held ope heile året, og resepsjonsbygninga med butikk og kafè er ope i sommarhalvåret.