CBIS 6242224
CBIS 6242225
CBIS 6242226
CBIS 6242227
CBIS 6242228
CBIS 6242229
CBIS 6242230
CBIS 6242231
CBIS 6242232
CBIS 6242233
CBIS 6242237
CBIS 6242238
CBIS 6242239

Strynsvatn Camping

Strynsvatn Camping ligg fint til med utsikt over Strynevatnet. Strynsvatn Camping er ein perfekt base for opplevingar i distriktet. I nærområdet ligg Stryn sentrum med sømjehall og shopping, Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Nasjonalparksenter, gondolbane til Hoven Loen, Via Ferrata Loen, Stryn Sommerski, Geiranger, Vestkapp.
Stryn er også eit vandreparadis med mange oppmerkte turvegar til fjelltoppar som Skåla, Storskredfjell, Kyrkjenibba.

Strynsvatn Camping er ein del av PlusCamp campingplassane, og er medlem i NHO Reiseliv klassifisert med 4 stjerner.

Her er 37 utleigehytter, 4 ferieleilegheiter og ca 40 oppstillingsplassar for bobilar, campingvogner og telt. Vi har også 80 sesongplassar for caravan. Nytt av året er ein fin Carado 448 bobil for utleige. Av aktivitetar på plassen har vi båt og kanoutleige, sykkelutleige, badeplass, grillplass ved vatnet, leikeplass, oppmerka tursti til fjell og bre.

Strynsvatn Camping held ope heile året, og resepsjonsbygninga med butikk og kafè er ope i sommarhalvåret.

Strynsvatn Camping er ein familiedreven campingplass med lange tradisjonar innen standard, service, kvalitet og gjestfridom – kort sagt “alt” som saman med den vestlandske naturen kan gje deg ei ferieoppleving du vil minnast.
Velkomne!