CBIS 6262191
CBIS 6262192
CBIS 6262296
CBIS 6262298
CBIS 6262299
CBIS 6262300
CBIS 6262301
CBIS 6262302
CBIS 6262303
CBIS 6262304
CBIS 6262305

Skongenes Fyr

Ta turen til Skongenes Fyr ved Stad på Nordvestlandet for å oppleve friskt vêr og mektig natur. Her kan du overnatte i fyrvokterboligen, kose deg på det lune tunet og oppleve eit eldorado av klipper, stiar og spanande stader å oppdage.

Fyrvokterboligen har 3 etasjar og rommar stove, kjøkken, toalett, lite bad og 4 soverom med totalt 18 sengeplassar. Det er varmt og kaldt vatn. Huset er fullt utstyrt. NB! Må ha DNT-nøkkel. Kontakt Britt Småvik i Ytre Nordfjord Turlag, mobil: 93 85 43 98

Ca 1 time å gå frå hovudvegen og ut til fyret i et lett turterreng. Frå parkeringsplassen viser skilt festa til autovern kor turen startar. Gå vidare på privat grusveg, etterkvart smalare tursti. Stien følgjer straumlinja utover og er godt merka med raude T'ar og raude punkt.

Hugs lakenposar, sengetøysett, handkle, mat og gode klær. Vinden kan vere sterk og været skiftar fort her ute i havgapet. Heile året anbefales det å pakke med seg regntøy, ullundertøy og gode sko.