Skåla 1848 m.o.h

Skåla Nordfjord
Skåla Nordfjord
Skåla Nordfjord
Skåla Skålatårnet Nordfjord
Skåla Nordfjord

Skåla

"Skal ein til topps her i livet, må det motbakkar til. For å nå toppen av Skåla (1848 m), må ein gå den lengste motbakken i landet med foten i fjorden til Skåla - den vakre giganten av eit fjell. Eg får kun sett fjellet, med Skålatårnet og den nye hytta Skålabu frå lufta. Eg gler meg til å kome tilbake å teste toppturen som har den lengste nedfarten. Magisk året rundt!"

Fred Syversen

Skåla 1848 m.o.h. - den vakre giganten av eit fjell - ruvar over bygda Loen. Ein god sti, bygd for hand, snirklar seg gjennom den grove steinura. 1848 vertikale meter frå fjordkanten. Dette er ein spektakulær topptur med utsikt over fjord, fjell og isbrear som tradisjonelt er rekna å vere den toppturen i Norge med størst høgdeforskjell frå fjord til fjell. På dei gamle hellelagde stiane og steintrappene er det ei kulturoppleving å vandre her, med fantastisk fjordnatur på alle kantar. Du kan overnatte i Skålatårnet på toppen, eller i den nye Skålabu som ligg like ved.