Grøne, blå, raude og svarte vardar gjer det enklare å finne fram når du vandrar i fjellet og indikerer samstundes kor vanskeleg ruta er.
For å gjere det lettare å finne fram når du er på vandring/fottur, er eit nytt internasjonalt graderingssystem for løyper innført i Norge. Rutene blir fargemerka for å vise vanskegrad.
Finn ditt nivå
Mange kjenner systemet for fargemerking frå alpinbakken, og no indikerer fargane grøn, blå, raud og svart kor vanskeleg turen er når du skal vandre i fjell- og skogsterreng også. Turane vert vurdert blant anna ut frå antal høgdemeter (stigning) og lengde på turen.





Grøn - Enkel
Passar for:
- Nybyrjarar
- Krev ingen spesielle ferdigheter
- Hovudsakleg korte turar
- Dersom tilrettelagt for rullestol/barnevogn, vert dette merka med eige symbol
Høgdemeter og lengd:
Stitype:
- Asfalt, grus, skogsvegar og gode stiar
- Stor grad av opparbeiding som gjev god framkomst
- Underlag fast og jamnt utan store hindringar eller kryssing av stor bekk
Stigningsgrad og eksponering:
- Moderate stigningar, ingen bratte parti

Blå - Middels
Passar for:
- Dei med litt erfaring i terreng
- Middels trente turgåarar
- Dei med grunnleggande ferdigheter
Høgdemeter og leng:
Stitype:
- Kan ha noko meir krevjande parti enn grøn tursti
- Kan vere steinete, men inga ur
- Kun enkle vad
Stigningsgrad og eksponering:
- Moderate stigningar som kan innehalde enkelte bratte parti
- Enkelte parti som kan oppfattast som luftige for folk med høgdeproblem

Rød - Krevjande
Passar for:
- Erfarne turgåarar
- Dei med god utholdenhet
- Godt turutstyr og gode fjellsko
- Kunnskap om kart og kompass
Høgdemeter og lengd:
- < 1000 m
- < 20 km (eige symbol)
Stitype:
- Sti, open terreng, stein, ur og snaufjell
- Bratte helningar og lenger strekningar med laus stein og myr kan forekome
- Vading kan forekome
Stigningsgrad og eksponering:
- Fleire typar stigningar og utfordringar
- Flere luftige og utsatte parti
- Kan innehalde tekniske utfordringar med noko klyving og bruk/støtte av hendene

Svart - Ekspert
Passar for:
- Erfarne fjellfolk
- Dei med god utholdenhet
- Godt turutstyr og gode fjellsko
- Kunnskap om kart og kompass
Høgdemeter og lengd:
- Ingen makshøgde eller lengde
Stitype:
- Lange turar på meir krevjande stiar enn ”raud sti”
- Krevjande vading kan forekome
- Merk: Nokre stiar kan vere merka svart kun grunna antal høgdemeter/lengd, medan dei har god og trygg sti heile vegen.
Stigningsgrad og eksponering:
- Toppturar med bratte og vanskelege parti med ujamnt underlag
- Luftige parti og passasjar/ parti med utsatt klyving
- Smale egger, sva, ur etc.
- Merk: Nokre stiar kan vere merka svart kun grunna antal høgdemeter/lengd, medan dei har god og trygg sti heile vegen. Turen til Skåla er eksempel på ein slik tur.
Her finn du ei oversikt over det viktigaste du bør tenke på før du legg ut på tur
Krevjande terreng
Isbrear: Nokre av turane i høgfjellet går over isbrear, og kryssing av isbre krev kunnskap og utstyr. Bruk gjerne guide. Sjå opp for ras ved brekanten, og sprekker i isen.
Bratt terreng: Nokre turar går i bratt terreng. Føl stien og bruk gjerne vandrestavar. I steinur må du passe på å halde balansen og ikkje rive laus stein som kan treffe deg eller andre.
Vading av elv: Vad aldri utan at du føler deg sikker på å kome over, og prøv ikkje å hoppe eller steingå bekkar dersom du ikkje er sikker på å kunne halde deg på beina. Den beste staden å vade er der elva er grunnast og flyter seinast. Vad på skrå oppover mot strømmen. Vandrestavar kan vere til god hjelp.
Sesong og klima
Sesong: Vandresesongen varer vanlegvis frå mai til oktober, men dette varierer alt etter beliggenhet, høgde over havet osv. Det varierer også mykje frå år til år, så spør i resepsjonen eller på turistkontoret om du er i tvil om kvar du kan gå.
Dagslys: Legg merke til når mørket kjem (avhengig av årstid).
Redningstjeneste
Ring nødnummer 112
Utstyr
Ein må vere førebudd på alle typer vær på fjellet, sjølv sommarstid. Difor må du ta med klede og utstyr tilpassa sol og fint vær, men også snø, regn og mykje vind. Været kan snu raskt.
Kart, kompass og GPS
Mat og drikke: Ta med nok mat og drikke, tilpassa lengde på turen
Klede: Bruk gjerne ull, deretter fleece og vindtett jakke. Ta også med regnklede.
Fottøy: Godt fottøy er svært viktig – bruk gjerne fjellstøvlar
Vindsekk: God å krype inn i for å søke ly for vær og vind.
Mobil: Ta med mobil, men hugs at det ikkje fins dekning over alt.
Førstehjelpsutstyr: Ta med enkelt førstehjelpsutstyr.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram