På Stad finn du ideelle forhold for surfing med bølgjer frå storhavet, kvite sandstrender og dei bratte fjellsidene som ei perfekt ramme.
Kanskje tenkjer du først på palmesus og tropevarme i sydlige strøk når du høyrer om surfing. Minst like eksotisk er det å surfe i det vakre kystlandskapet på Stad. Lenge har desse fantastiske strendene vore skjulte surfeperler, men no har fleire og fleire fått augene opp for surfinga i havgapet.
Hoddevik og Ervik
På den kilometer lange sandstranda i Hoddevik finn du ein av Norges beste og vakraste surfeplassar. Tre mil unna ligg den sikre spoten Ervikstranda, og her finst det nesten alltid bølgjer.
Stad Surfing
I Hoddevik kan surfarar, både nybegynnarar og vidarekomne, kome og bu i det store kvite huset Strandro, som ligg eit steinkast frå det store blå Atlanterhavet. Dette er basen for Stad Surfing som tilbyr kurs på ulike nivå og har utleige av brett og anna utstyr.
Lapoint
Litt lenge inne i Hoddevika finn du Lapoint Surfcamp. Her kan du også bu og leige utstyr, samt velje mellom ei lang rekke tilbod, som kurs, ungdomscamp og surf med familien.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram