CBIS 6312409
CBIS 6312408
CBIS 6312410
CBIS 6312411
CBIS 6312412

Selja - Selja Kloster

Turen over øya Selja endar der kristninga av Norge starta.

Sunnivahola og klosteret på Selja er viktige fortidsminne som gjer fortida levande. Helleren der Sankt Sunniva skal ha blitt teken av ras då ho søkte tilflukt frå den heidenske kong Håkon Jarl - har i lange tider vore eitt av dei viktigaste pilegrimsmåla i Norge. Då passar det bra at den finaste måten å oppleve Selja på er å følgje den smale sti - enten via toppen av øya eller langs sjøsida.