CBIS 6110803
CBIS 6071527
CBIS 6110801
CBIS 6110799
CBIS 6110798
CBIS 6110804

Selja Kloster

Klosterbåten tar deg over til Selja, og der kan du oppleve og fordjupe deg i den spennande historia om St. Sunniva. Bli med oss på ei reise tilbake i tid.

Dramatiske klipper, kvite sandstrender og idylliske bygder er noko av det du vil sjå når du er på båten. MS «Selja» kan ta i mot circa 30 passasjerar. Båten har fleire sitteplassar inne og det er to toalett på båten.

Folk har reist hit i over 1000 år, for å oppleve Norges første pilgrimsplass, med unik kultur frå vikingtida og middelalderen. På øya Selje ligg Selja kloster, som sannsynlegvis er det eldste klosteret i Norge. Klosteret er bygd av Benediktinermunker omlag år 1100, til minne om St.Sunniva.

For å få ein best mulig opplevelse, anbefalar vi å laste ned appen iNordfjord. Her vil du finne ein digital lydguide som vil fortelje deg heile historia og gjere din oppleving total.

For iPhone, last ned appen her: <A HREF="URL">https://apps.apple.com/no/app/aispot/id1249275897/</A>
For Android, last ned appen her: <A HREF="URL">https://play.google.com/store/apps/details?id=no.aispot&hl=no/</A>