CBIS 6110803
CBIS 6110801
CBIS 6110799
CBIS 6110798
CBIS 6110804

Selja Kloster

Folk har reist hit i over 1000 år, for å oppleve Norges første pilgrimsstad, med unik kultur frå vikingtida og middelalderen. På øya Selja, ligg Selja kloster, som vart bygd av Benediktinermunkar, tidleg på 1100-talet, til minne om St.Sunniva.

Turen startar i Selje Sentrum der klosterbåten “Selja”, tek deg med på den 15 minutter lange båtturen ut til Selja Kloster.
Når du stig i land på Selja, er det som å reise tilbake i tid. Ved bruk av digital guiding kan du bli med på denne reisa og lære den spennande historia om Sankt Sunniva og Selja Kloster. Du kan vandre i dei same gangane som benediktinermunkane vandra for over 700 år sidan, og gå opp den smale trappa til toppen av klostertårnet. Følg i Sankt Sunniva sine fotspor opp stien til den heilage Sunnivahola, og nyt den spektakulere utsikta over klosteranlegget. Kanskje du vil smake på vatnet frå den helbredande Sunnivakjelda?

Bli med på ei reise tilbake i tid!
Daglege avgangar frå Selje, heile året. Sjå våre nettsider for booking og tilgjengeligheit.


For å få ein best mulig opplevelse, anbefalar vi å laste ned appen Aispot. Her vil du finne ein digital lydguide som vil fortelje deg heile historia og gjere din oppleving total.

Last ned Aispot i Google play eller App store.