CBIS 6207801
CBIS 6207802
CBIS 6207804
CBIS 6207805
CBIS 6207806
CBIS 6207807

Sandal Gard & Aud´s Feriehus

I Nordfjord er det enkelt å gøyme seg litt vekk, om du ynskjer det, og oppleve den ekte kulturen!
Vi har tre koselege, velutstyrte feriehus for utleige, eit er tilpassa rullestol.

Vi held til i den vakre og ville Myklebustdalen, med utsyn til brèen.
Fjellområda her grensar opp imot vestleg del av Jostedalsbrèen Nasjonalpark.

Feriehusa våre ligg ved Sandalsvatnet, der ørreten sprett....
Robåt på vatnet kan nyttast gratis, og vi sel fiskekort.


Her finn du ein roleg feriestad, 10 min frå Byrkjelo og rv 39, men sentralt til mange kjende turmål, som Briksdalsbrèen, Vestkapp, Stryn, Jølster og Fjærland.
Også Geirangerfjorden og Ålesund kan du nå på ein dagstur.

Loen skylift (1000 m rett opp på 5 min!) er under ein times køyretur herifrå.
Nordfjord Folkemuseum ligg i vårt koselege kommunesenter, Sandane, ved fjorden, og er vel verd eit besøk. Sandane har også innandørs basseng og klatrevegg, og eit spesielt flott turområde,
med m.a."Kjærleikskogen"!

Vi har ei lita tømmerhytte og to større med meir comfort.
Ved feriehusa er det parkering og ein uteplass med grill.