CBIS 6262105
CBIS 6262106

Rundtur Sandane - Stryn - Sandane | Reis som dei lokale

Sandane - Byrkjelo - Stryn - Byrkjelo - Sandane.

Denne turen tar deg frå Sandane via Byrkjelo til Loen. Bussturen i seg sjølv er ei oppleving og du får sjå det meste naturen i Nordfjord har å by på. Skog, fjord og fjell er nokre av høgdepunkta og alt dette vil du sjå frå bussvindauget.

På sommaren er gatene i Stryn fulle av folk frå heile verda. Derfor er det fint å sette seg ned på ein kafé, som det lokale vertshus eller kafeteria, kjøpe noko godt og sjå på menneske som vandrar i gatene.

Om du behøver å handle, er Stryn rette plassen. Der er alt i frå suvenirar, til lokale klesmerker som Ricco Vero og Skogstad. Stryn sentrum er ikkje stort, og det er gå avstand mellom alle butikkar.

Om du vil strekke litt på beina etter bussturen, kan vi anbefale å gå over gamlebrua mot Årheim. Gamlebrua stod ferdig år 1860, og før du går over brua kan du finne ei lita bildeutstilling av korleis Stryn såg ut for over 100 år sidan.

På bussen på veg til Sandane, stoppar bussen på Byrkjelo. Der har du akkurat nok tid til å gå innom Baker Jon. Der sel dei nybakt brød og bollar, i tillegg til at butikken er full av lokale varer.

Avgang frå:  Sandane rutebilstasjon


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.