Romjulskonsertar på Hoven med  Aleksander Raftevold og Sebastian Berg

Romjulskonsertar på Hoven med Aleksander Raftevold og Sebastian Berg

Aleksander og Sebastian har spelt i lag i nesten 10 år, og med prosjekta Aleks Grey og Tim Voilhat har dei turnert og spelt konsertar i både Norge og utlandet.

Saman skal dei by på juleklassikarar, og feelgood pop og jazz. Kjent og kjært, og mykje i ny drakt - fra Coldplay til Frank Sinatra, John Mayer til Alf Prøysen. Det blir konsertar med god julestemning og ein varm atmosfære.

Aleksander og Sebastian spelar i Hoven Restaurant 28.-31. desember kl 15:00-17:00.

Attributes

Vinter