Riksveg 15

Tett på Nordfjord med bil

 

Årets sommarferie er ein fantastisk moglegheit til å oppdage Nordfjord med bil.

Den 2,5 timar lange strekninga frå Stryn i aust, mot Stad i vest er i seg sjølv ein naturattraksjon. Frå bilvindauget kan du nyte alt frå høge fjell og turkise fjordar, til vestkysten sin råskap med kritkvite strender og klipper som stuper hundrevis av meter rett ned i havet.

Anten du jaktar barnevenlege aktivitetar, adrenalinkick, kroppsleg pleie eller unike mat- og kulturopplevingar – på Riksveg 15 ventar attraksjonane bak einkvar sving.

 

Stryneelva

Noko fint å sjå rundt ein kvar sving

La riksveg 15 vere ein del av målet og sett av tid til å utforske landskapet Nordfjord har å by på.
Ta gjerne ein omveg eller to eller sett frå deg bilen og ta beina fatt.

Ein ferie spekka med adrenalin

 

Nordfjord er kanskje Norge sitt episenter for opplevingar som både gjev deg hakeslepp og får i gong hjartepumpa. Drøymer du om landet sine beste forhold for bølgesurfing, fantastiske kajakk- eller sykkelturar, eller den råaste Via Ferrataen? Det og mykje meir finn du langs Riksveg 15.

<% totalFilter %> filter applied

Sjekk ut årets nyheit! Loen Active har opna to nye ziplines på Hoven, 1000 meter over havet.

Barnevenlege landevegsopplevingar

 

Snart framme, spør borna. Alltid, seier vi.

Sjølv om naturen i seg sjølv er freistande, kan eit besøk på ein hjortefarm, ein ridetur, zip-line, klatreparkar, stisykling, RIB eller kajakkpadling alltid vere kjærkome for borna. På Riksveg 15 er det eit rikt tilbod av aktivitetar tilpassa born i alle aldrar.

<% totalFilter %> filter applied

Utforsk borna sitt Nordfjord

Ta med deg borna og la dei utforske naturen vår gjennom spennande aktivitetar.

Borna sitt Nordfjord

Få smaken på kultur- og matopplevingar

 

For dei kulturinteresserte er kunnskapssenteret Sagastad den beste anledninga til å lære meir om vår rike vikinghistorie. Briksdalsbreen ventar også på eit besøk. Opplev også autentisk kystkultur og lokal matglede i den vestlandske skjergarden på Knutholmen.

<% totalFilter %> filter applied

Lokale matopplevingar i Nordfjord

©
Påldtun
Matopplevingar

Søk ro og få kroppsleg pleie

 

Nordfjord byr på eit vell av opplevingar som kurerar gruff. Er ikkje naturen i seg sjølv nok, kan ein road trip på Riksveg 15 by på ærverdige spahotell, rike lakseelvar, overnatting i tretopphytter og Norge sin lettaste topptur med gondolen «Loen skylift» og mykje, mykje meir.

<% totalFilter %> filter applied

Fem fantastiske plassar å nyte solnedgangen i Nordfjord

Solnedgang