Ridetur med panoramautsikt | Norsk Fjordhestsenter

Frå Norsk Fjordhestsenter tilbyr vi rideturar opp på fjellet til eit utkikkspunkt der ein har panoramautsikt over Eid sentrum og over fjorden.

Turen passar for både yngre og eldre, og det er ikkje krav om mykje rideerfaring frå før. Turen foregår i skritt, og har ein varigheit på 1,5 time. Ein bør ha på seg gode sko med hæl. Påkledning etter været. Aldersgrense for turen er 9 år.

Norsk Fjordhestsenter har aktivitetar gjennom heile året, og er fast undervisningsstad for Fjordane folkehøgskule. Vår og sommar er det høg aktivitet ved seminstasjonen der hopper frå heile landet får tilbod om inseminering frå gode fjordhesthingstar.

Alle...

Alle er velkome innom for ein hesteprat og for å sjå på anlegget. Aktiviteten vil variere alt etter kor mange hestar som er på beite, og andre oppgåver ved senteret. For grupper kan vi skreddarsy opplegg og tilpasse tidspunkt.

Info: