CBIS 6218834

Rafting i Jølstra

Dette er ekte RAFTING! Gjennom frodig og vakker natur opplever du ei frisk og utfordrande elv, med store mengder sprut, spenning og moro, og eit herleg sug i magen

Jølstra, etter kvart kjent som Noregs beste raftingelv i miljøet har mange og lange stryk, og vi varierer naturlegvis turen etter vassføringa, dine ønskjer og erfaring.

Etter påkledning og tryggleiksopplæring på vårt raftingsenter set vi flåtane på Jølstravatnet. Nødvendige padlekommandoar blir drilla inn på dei ca. 350 meter frå senteret til Jølstra sin elvemunning. Etter avslutta tur blir det busstransport tilbake til raftingsenteret.

Unn deg ein grillmiddag og ein tur i badestampen etterpå for å gjere dagen komplett.

Påmelding seinast dagen før. Grupper på 10 eller fleire bør melde seg tidlegare (helst ei veke).

Normal fysisk form krevast for å delta sidan ein må bidra med padling.

Alt utstyr er inkludert: Våtdrakt, våtsko, sprutjakke, redningsvest, hjelm og åre. Gjesten må ha med undertøyskift evt. badebukse/badedrakt til å ha under våtdrakta. Unn/tynn fleece til overkropp og handduk.

Det blir servert te og kaffi med noko attåt etter turen.