CBIS 6242146
CBIS 6242147
CBIS 6242148
CBIS 6242149
CBIS 6242150
CBIS 6242151
CBIS 6242152
CBIS 6242153
CBIS 6242154

PlusCamp Sande Camping

PlusCamp Sande Camping byr på overnatting i hytter og apartments, både enkle sommarhytter og velutstyrte høgstandardhytter for heilårsbruk. Magisk utsikt over Lovatnet og til Krunebreen.

Campingplass i Lodalen, med flott utsikt oppover Lovatnet. Hytter og apartments. Fine telt- og oppstillingsplassar direkte ved vatnet.  Nyrenovert sanitæranlegg, med bla sauna, nytt kjøkken og opphaldsrom. Båt – og kanoutleige, gratis ørretfiske.

Supert utgangspunkt for vandring, breturer og toppturer. Dei anbefalar spesielt tur på Skåla, Via Ferrata Loen - og pendelbana Loen Skylift til Hoven.

I sanitæranlegget er det 2 sauna, ei for damer og ei for herrer. Etter ein lang fjelltur eller ein regnfull og kald dag er det godt å ta ei avslappande stund i saunaen. Eit tips er å ta ein liten springmarsj og ein kort dukkert i Lovatnet når kroppen er godt oppvarma. Sjå oppslag på campingen om kva tid saunaen er oppvarma. Kan også varmast opp utanom dei ordinære tidene på forespørsel.

Gratis ørretfiske i Lovatnet og her er både båt og kanoutleige.