CBIS 6313232
CBIS 6313229
CBIS 6313230
CBIS 6313231

På ski i fjordlandskapet | Norway Adventures

Du vil vere med på ein spanande tur på ski i Fjord Norge. Både rundt Stranda i Sunnmørsalpane, og på Harpefossen i Nordfjord med høgde frå 1000 til 1700 meter. Kva kan vere betre enn å stå på toppen, og sjå utover fjorden som er 1000 meter under deg?

Lokal guide som kjenner dei beste turane, fantastisk utsikt over fjorden, frisk puddersnø – dersom vi er heldige, koseleg hytte, moglegheiter for bybesøk (Oslo eller Bergen). Været i regionen er svært variabelt, og difor er det viktig at vi kvar dag vurderer dei beste forholda vi kan gå i. Fordelen med klimaet er at det kan kome enorme mengder med snø. I skianlegget på Strandafjellet er det både t-krokheis, og stolheiar, men også ein gondol. Eit område med gode moglegheitar for ski og utsikt over fjorden.

Den første delen av veka vil du få bu i ei luksushytte på Harpefossen, i nærleiken av Nordfjordeid. Den andre delen blir på Stranda. Både Nordfjordeid og Stranda har ulike butikkar og restaurantar innan ein radius på ti minutters køyring.

Denne turen krev moderate til gode evner innan off-piste skikøyring og form, men vi kan tilpasse turen til gruppa sine ynskjer.