CBIS 6306685
CBIS 6306701
CBIS 6306703

Oppstrynsvatnet

Innsjø i Stryn

Oppstrynsvatnet er ein innsjø i Stryn kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Vatnet strekke seg fra Hjelle i Oppstryn til Mindresunde, der Stryneelva tek til og endar til slutt i Nordfjorden ved Stryn. Elvane "Hjelldøla", "Erdalselva" og "glomsdøla" fylle Oppstrynsvatnet med grønt brevatn. Det er leire i brevatnet som fargar innsjøen grågrønn.

På det djupaste, ved Nesje, er Oppstrynsvatnet 230 meter, og er blant dei 20 djupaste innsjøane i landet.

FISKE:
I Strynevatnet er det mykje røye og innlandsørret. Ut på sommaren kjem det også frå fjorden sjøørret og laks. I tillegg kan ein få ål. Du kan fiske med fiskestang med sluk, spinnar, fluge og mark. Det er også lovleg med oter.
Det er påbudt med fiskekort for å fiske i vatnet og sideelvane. Fiskekort får ein kjøpe på Holmevik Camping, Strynsvatn Camping, Mindresunde Camping og Lidasanden i Veslebygda. Ein kan kjøpe døgnkort, vekeskort og sesongkort. Gratis fiske for barn og ungdom til og med 16 år.


Det er sett opp informasjonstavler og namneskilt fleire stadar langs vestenden av vatnet.