CBIS 6222179

Opplev Gloppefjorden frå kajakk | Nordfjord Aktive

Du kjem ikkje nærare fjorden enn med kajakk! Opplev det karakteristiske fjordlandskapet i Gloppen. Gloppefjorden er omringa av fjell på godt over 1200 meter, men dei flatar ut mot foten, så små vestlandsgardar har gode tilhøve for både fruktdyrking og dyrehald.

Det opne landskapet gir ei flott ramme rundt kajakkturen, og våre guidar tar deg med på ei reise både i natur og kultur. Vi padlar i nærleiken av eit fuglefredingsområde, så det er eit yrande fugleliv.

Uansett kva førkunnskapar du har, ønskjer vi at du blir med oss å utforske fjordlandskapet frå sjøen.

Krav: God fysisk form, og ingen skulderskader
Ver venleg å informer oss om skader og sjukdomar som astma, epilepsi, rygg- eller kneproblem osv.

INFORMASJON:
Når: 17. juni - 18. august: Kvar Mandag og Fredag (Andre dagar på førespurnad)
Oppmøte: Grandeparken på Sandane kl. 12.00
Tid: 3 timar
Språk: Engelsk, norsk
Minimum: 3 personar
Pris: 990 kr
Alder: Minimum 12 år

INKLUDERT:
Kajakk & åre
Flytevest & våtdrakt/tørrdrakt (om nødvendig)
kajakkguide

DETTE ORDNAR DU:
Passande turklede/treningsklede
Ekstra sett med klede om du skulle bli våt
Lunsjpakke