CBIS 6264759
CBIS 6264760

Omvisning | Norsk Fjordhestsenter

Du vil få møte fjordhesten og lære historia om ein av dei eldste hesterasene i verda.

Norsk Fjordhestsenter er eit kompetansesenter for fjordhesten, med informasjons- og rådgivingsteneste for alle forhold rundt denne heilnorske hesten. Ei av hovudoppgåvene er å fremje avl og bruk av fjordingen. Det er også stor kursaktivitet ved senteret gjennom året, og Fjordane folkehøgskule har si undervisning her. Vår og sommar er det høg aktivitet ved seminstasjonen.

Norsk Fjordhestsenter vart oppretta i 1989 og er eigd av Norges Fjordhestlag, Eid kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune.