CBIS 6221686
CBIS 6221687
CBIS 6221688
CBIS 6221689
CBIS 6221691

Nordfjord Hjort | Nave Hjortefarm

På hjortefarmen på Nave i Vågsøy kan du oppleve hjort på nært hald og kanskje få delta på fòringa. I sommar er det rundt 55-60 hjortar på Nave. Alt frå vaksne dyr til nyfødde kalvar. I tillegg har vi lama, ponnier, esel, geiter og hundar. Dyra beiter på eit variert område med skog og dyrka mark.

På Nave kan ein drive med øksekasting, paintball, kaste lasso, leige kanoar eller fiske aure. Nærkontakt med dyra og grilling høyrer og sjølvagt med. Dei romantiske kan prøve seg med hjortekyss: dei held ei brødskive i munne som hjorten tek i eit fuktig kyss. Utleige av leirplass ved Navevatnet med 16 manns lavvo, gapahuk og bålpanner. Vi arrangerer blåturar, utdrikningslag, fødselsdagar, sommerskuler, og barnehagebesøk. Vi har fullt opplegg for paintball for 15 personer, kanoutleige, fiske og turmoglegheiter. Vi har grillhytte med plass til 30-40 personer.