CBIS 6422008

Musikalen SKJULT

Over 100 elevar står på scena når Eid ungdomsskule og Kulturskulen i Eid set opp skulemusikal igjen. Musikalen er også denne gongen sjølvskriven, og musikken er skriven av vår eigen Aleksander Raftevold.

Eid ungdomsskule og Kulturskulen i Eid, i samarbeid med Operahuset Nordfjord, set igjen opp skulemusikal. Det er sjette gongen kulturskulen og ungdomsskulen gjer dette.

Musikalen er også denne gongen sjølvskriven og det kjekkaste av alt er at musikken er skriven av vår eigen Aleksander Raftevold. Manusforfattarar er Hege Kristin Lillestøl Naustdal og Lise Rønnestad, og Dan Aasebø skal arrangere musikken.

Over 100 elevar kjem til å fylle scena 26 og 27. mars 2020 i musikalen SKJULT.

SKJULT handlar om at livet er fullt av val som vi kvar og ein må ta, men den handlar òg om vennskap, familie og det å vere bra nok. Kort sagt, den handlar om ungdomstida på godt og vondt.